Computerworld: Kols-koffert blir brett

Fleire forskingsprosjekt skal gi deg kols-oppfølging per nettbrett. Dermed kan kols-kofferten forsvinna frå norske sjukehus.

Av Hanna Maria Van Zijp, Computerworld

Fleire sjukehus har prøvd ut den såkalla kols-kofferten, som telemedisinsk følgjer opp pasientar med den kroniske lungesjukdommen. Men sidan «kofferten» er såpass dyr, ser  fleire seg rundt etter alternative løysingar basert på teknologi som allereie finst. 

Billegare

Nettbrett fellestur.jpg- Løysinga vår er billegare. Sjukehusa kjem til å låna teknologien og betala for løysinga per år. Der kols-kofferten følgjer opp pasienten over ein kort periode, driv me med langsiktig rehabilitering av kols-pasientar. Det fortel forskar Paolo Zanaboni på avdeling for førebyggjing og eigenmeistring ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin.

Zanaboni leier Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin (NST) sitt forskingsprosjekt, som arbeider med telerehabilitering av kolspasientar, som blir følgt opp av ein fysioterapeut gjennom trening heime framtil mai 2014. Pasienten bruker tredemølle, eit pulsoksymeter og eit nettbrett med videokonferansesystem.
Hun loggar seg også inn på ei nettside som kursar og hjelper med dagleg meistring av sjukdommen.

Kvar dag og etter kvar treningsøkt fyller deltakarane ut verdiar på nettsida. Ein fysioterapeut tolkar opplysningane og skreddarsyr individuelle treningsprogram med uthald og styrke. Treningsprogrammet blir justert etter korleis deltakaren sin kapasitet endrar seg.

Livet endra seg

10 deltakarar frå Nord-Noreg deltar i det to-årige studiet. Etter eitt år er tilbakemeldingane frå pasientane utelukkande gode. 

- Dei er overraska over korleis liva deira har endra seg etter  at dei begynte å bruka løysinga og mosjonera systematisk, seier Zanaboni. Tesen er at samfunnet får færre sjukehusinnleggingar og reduserte kostnader, og pasientane får betre fysisk og psykisk form samt auka livskvalitet.Ved årsskiftet startar andre fase i prosjektet. Då skal NST rekruttera to grupper på førti personar kvar, der ein skal samanlikna oppfølging med og utan telemedisin.

Dersom løysinga viser seg å fungera like godt som Zanaboni trur, håpar NST å kunna tilby denne ved norske sjukehus eller på kommunenivå. 

Koplar til medisinsk utstyr 

Neste år startar Sørlandet sykehus sitt kols-prosjekt. 200 pasientar frå heile Agder skal vera med på forsøket, skriv NRK. Pasientene legg inn informasjon på eit nettbrett tilkopla medisinskteknisk utstyr som kan måla for eksempel lungefunksjon, surstoffmetning i blodet, blodtrykk og blodsukker. Pasienten blir behandla etter behov.

- Me veit at det i Noreg er omtrent 25 prosent av dei som blir utskrivne med kols som også blir innlagt for same tilstand i løpet av ein månad, seier Frode Gallestad, lungelækjar ved Sørlandet sjukehus, til NRK.